Gå til hovedinnhold

Fekk mine i trålen


mine2

Personell frå forsvaret uskadeleggjorde mina ombord på "Kristine Bonnevie". Sidan vart mina senka i fjorden.

Fotograf: Kjell Ove Sandøy, Havforskingsinstituttet

Forskingsbåten «Kristine Bonnevie» fekk ei mine i trålen under eit UiB-tokt i Sognefjorden onsdag. Forskarar og studentar vart sett i land i Rutledal. Militært personell uskadeleggjorde mina som så vart senka.

Toktet er i regi av UiB, og studentane og forskarane har base på Lygra. Båten tilhøyrer Havforskingsinstituttet, og mannskapet kjem frå rederiavdelinga på instituttet.

Mannskapet har handtert denne situasjonen på ein god måte, og i tråd med retningslinene for uventa hendingar, seier rederisjef Per Nieuwejaar.

Politiet vart varsla om hendinga, og militært personell kom raskt til Rutledal. Mina er engelsk og frå den andre verdskrigen. Etter at mina var uskadeleggjort, vart ho senka i fjorden på vel ti meter på vestsida av Rutledal.

Då mina var fjerna og dekket rydda rundt klokka 20.00, kom studentar og forskarane frå UiB om bord igjen og fortsette toktet som planlagt. 

Universitetet i Bergen ved rektor Dag Rune Olsen er letta over at hendinga fekk eit udramatisk utfall for studentar og tilsette.

Vi har halde tett kontakt med våre folk om bord, og opplevde at Havforskingsintituttet, som har ansvaret for båten, har handtert hendinga på ein betryggande måte, seier rektor Dag Rune Olsen.