Gå til hovedinnhold

Brugda – den vennlege kjempa

Å møte på ei brugde kan utan tvil vere skremmande. Men eigentleg er det berre å nyte synet av den elegante kjempa.

Den enorme haifisken er nemleg heilt ufarleg. I motsetnad til mange andre haiar, er ho bokstavleg talt tannlaus.

Ho veks seint, men kan bli meir enn 13 meter lang og vege opptil 19 tonn. Det gjer brugda til verdas nest største fisk, etter kvalhaien.

Video: Kevin Christensen (IG: @enestekevin), etter avtale

Trålar plankton med kjeften

Brugda lever av plankton som ho filtrerer frå vatnet. Det er derfor ho svømmer med den enorme munnen vid open. Gjellene fungerer nemleg både til å skaffe oksygen og mat. Dei dannar eit fint gitter som siler plankton frå vatnet.

Sidan brugda kan opptre flokkvis nær overflata, kan synet av store snutar og halefinnar ha gitt opphav til førestillingar om sjøorm. Mykje tyder på at brugda har vore modell for nokre av sjømonstera som var teikna inn på gamle sjøkart.

Er sårbar etter nedfisking

Brugda blir seint kjønnsmoden og har låg formeiringsevne. Hoa kan føde opptil seks ungar. Egga rugar ho inni seg. Avkommet har ein stor plommesekk med næring til å greie seg med den første tida.

Levra til brugda kan utgjere så mykje som ein fjerdedel av kroppsvekta. Olje frå levra har vore verdifull. Sidan brugda svømmer så seint som 4 kilometer i timen i overflata, kan ho vere lett å fange. Så seint som i 1970-åra var det brugdefiske i Oslofjorden og på Sørlandet. Arten blei sterkt nedfiska, og er i dag rekna som sårbar. Det blir ikkje lenger drive kommersielt fiske etter denne haien.

Denne artikkelen er opprinneleg ein del av serien "Havets skumlaste" som tidlegare har vore trykka i Fædrelandsvennen og Bergens tidende.