Gå til hovedinnhold

Testa «oljekatastrofe» på djuphavssvampar

Havforskarar plasserte svampane i kar og simulerte eit oljeutslepp a la Deepwater Horizon. Det skal gi betre risikovurderingar for oljeboring i sårbare område.

– Svampar er den mindre karismatiske fetteren til korallar. Men dei er langt vanlegare i våre farvatn, seier havforskar Raymond Bannister.

Han meiner svampane får ufortent lite merksemd.

Reinsar vatnet

– Trass eit lite imponerande ytre, speler svampane ei viktig rolle i økosystemet. Éin kilo svamp filtrerer opptil 1000 liter vatn kvar dag. Dei reinsar vatnet for bakteriar og virus, og gjer næring tilgjengeleg for andre dyr.

Bannister og masterstudent Elise Otnes er kanskje dei første som har eksponert svampar for olje i laboratorium. Forsøket startar i ein fjordarm i Tysnes.

– Velkommen til Havforskingsinstituttet sin svampefarm!

«Klonar» svampane med kniv

– Om du deler opp svampar og gir dei tid, vil delane regenerere seg til nye, individuelle svampar. Dermed kan vi fjerne berre eit par svampar frå naturen og likevel få tak i 100 stykk, fortel Bannister.

Svampebitane har lege i ei slags samleteine i heimfjorden sin i eitt år. No har dei blitt eigne svampar som forskarane kan bruke i forsøket.

Forskingsfartøyet «Hans Brattström» fraktar svampane til ein forsøkshall i forskingsstasjon Austevoll. Der ventar teknikarar som tar dei med til eigne kar.

Får vatn frå djupet med tilsett olje

Vatn blir pumpa frå 160 meters djup i fjorden utanfor og ført til svampane gjennom eit krimskrams av røyr og slangar. Slik vatn er naturleg for dei. Men ikkje alt er som dei er vande med. Ein liten maskin har tilsett mikroskopiske oljedropar.

– Olja er ikkje synleg for det blotte auget. Konsentrasjonen svarar til den du kan vente rundt eit realistisk oljeutslepp på havbotnen. Tenk Deepwater Horizon i Mexicogolfen, forklarar Bannister.

Konsentrasjonane var 6, 60 og 600 mikrogram olje per liter vatn. Den høgaste dosen er realistisk kun for området rundt eit utslepp på botnen.

 

Undervegs måler forskarane oksygenproduksjon, altså korleis svampane pustar. Dei tar prøver av vev og organ, og ser etter oljepartiklar i mikroskop.

Kritisk for fiskefoster, men kva med andre artar?

– I EGGTOX-prosjektet har vi vist at sjølv ørsmå mengder olje kan vere dødeleg for fisk tidleg i livet. Det kan også gi funksjonshemmande misdanningar.

– Ved å skaffe data om andre nøkkelartar i økosystemet, kan vi gi betre og meir heilskaplege vurderingar av risikoen knytt til oljeaktivitet, fortel Bannister.

Det er der svampane kjem inn.

Fekk pusteproblem, men overraska forskarane

Få dagar etter forsøket er i gang, ser skjebnen dyster ut for svampane. Men så tar forsøket ei uventa vending.

– Først såg vi ein akutt stressreaksjon hos svampane. Dei pusta dårlegare og filtrerte mindre vatn. Cellene begynte å bryte saman, fortel Bannister.

Etter ei veke flytta forskarane dei til reint vatn.

Ser ikkje varige mein

– Vi trudde dei kom til å døy, men nokre dagar seinare var dei brått på betringas veg. Svampane greidde å hente seg inn igjen, fortset han.

Éin månad seinare kunne ikkje forskarane sjå varige mein.

– Dei foreløpige resultata tyder på at svampane er mindre sårbare for oljeforureining enn fisk.

Det er godt nytt for svampane, slår Bannister.

Skal teste fleire artar

Forskarane skal no gå nøye gjennom dataa saman med fleire masterstudentar frå Universitetet i Bergen.

Samtidig kjem det andre dyr i kara. Havforskarane skal sjå nærmare på korleis sild, kveite, hyse, lysing, torsk, polartorsk og sei toler olje, både som foster i fiskeegg og like etter klekking.

Elise Otnes finkjemmer svampevevet gjennom mikroskop. Fleire UiB-studentar er involvert i EGGTOX.