Ti millioner til gen-forskning på laks

MX0B7160.jpg

Anna Wargelius og Erik Kjærner-Semb skal i gang med genforsking på ferskvasslaks. Prosjektet har fått ti millioner kroner i støtte frå Noregs forskingsråds havbrukprogram. (Foto: Erlend A. Lorentzen)

HI-forskar Anna Wargelius og teamet hennar får ti millionar kroner for å finna dei gode genane til ferskvasslaksen.

I dag vart det kjent kva prosjekt som får støtte frå Noregs forskingsråds HAVBRUK-program. Havforskingsinstituttet fekk innvilga eit lakse-prosjekt under delprogrammet  avl og genetikk. Programstyret behandla 45 søknader, og innvilga fem av dei. Totalt blei det delt ut 100 millionar kroner til nye havbruksprosjekt.

Utvidar gen-biblioteket

I det komande prosjektet er det genane til ferskvasslaksen som skal under lupa. Frå før har forskarane fylt opp «genbiblioteket» til saltvasslaksen. Framover skjer fleire fasar av lakseproduksjonen, som smoltfasen, i ferskvatn. Då trengs det kunnskap om eigenskapane til ferskvasslaksen.

– Dette er forsking i eit berekraftperspektiv. Vi kjem til å samanlikna ferskvasslaks og saltvasslaks når det gjeld sjukdomsresistens, smoltifisering og omega3-innhald. Vi håper å finna ut meir om kva eigenskapar som framtidas oppdrettslaks bør ha, forklarar Anna Wargelius.