FN går inn for havforskingstiår

HI-036105.jpg

(Foto: Øystein Paulsen / HI)

– Vi er svært fornøgde med at FN set hava på dagsorden for dei neste ti åra. Vi gler oss til å bidra i det internasjonale samarbeidet, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne.

FN si generalforsamling har vedtatt at perioden 2021-2030 skal vere eit internasjonalt tiår for havforsking.

Målet med havforskingstiåret er å fremme berekraftig bruk av havressursane, utvide kunnskapen om miljøtilstanden og økosystema i hav- og kystområde, utvikle havøkonomien, ny teknologi og raskare utveksling av data. Det skal sette havet i fokus for styresmakter og offentlegheit.

– Havforskingstiåret blir eit bidrag til reine og rike hav inn i evigheita, slik HI jobbar for kvar dag, seier Sissel Rogne.

Det var havkommisjonen i UNESCO, IOC (Intergovernmental Oceanographic Commission) som la fram forslaget for FN. Organisasjonen fremmer internasjonalt samarbeid for betre bruk av hava gjennom auka kunnskap. Professor Peter Haugan ved UiB/HI er styreleiar i IOC og har vore pådrivar i saka.

– Det internasjonale havforskingstiåret vil hjelpe oss å lage eit felles rammeverk for kunnskap om verdshava, seier han.

IOC får også i oppgåve å leie organiseringa. Det inneber å få medlemsland, organisasjonar og andre interessentar på banen for å gjere ord om til handling.

Les meir hos IOC.