Skal kartlegge genetiske variasjonar langs kysten

IMG_20171208_100904.jpg

Teknikar Ida Kristin Mellerud, forskar Halvor Knutsen og forskar Per Erik Jorde skal kartlegge genetiske variasjonar i kystøkosystemet. 

Fotograf: Tor Birkeland/HI

Forskarteamet skal undersøke korleis genane til ulike artar endrar seg etter kvar dei lever langs norskekysten. Til det har dei fått vel 8,6 millionar kroner frå Forskningsrådet. 

Pengane kjem frå Noregs forskingsråds MARINFORSK-program. Dette forskingsprosjektet var eit av 13 som kom igjennom nålauga og fekk støtte frå programmet – av nærare 90 søknadar. 

– Dette gler vi oss stort over, seier forskar Halvor Knutsen. 

Kartlegg artar frå sjøgras til fisk 

Prosjektet går over fire år og skal ta for seg ei rekke ulike artar. 

– Vi skal undersøke artar frå tang og sjøgras, til krepsdyr, muslingar og fisk, seier forskar Per Erik Jorde. – Vi kartlegg korleis genane til ein art endrar seg etter kor individet geografisk held til. 

Gjennom ei slik kartlegging håper forskarane å få svar på kva forhold i havet som avgjer kor og når det oppstår ulike bestandar av ein art.

– Indirekte vil vi også då undersøka moglege historiske forandringar i kystøkosystemet, ettersom vi då ser på kva konsekvensar desse har fått å seie for genane til ein art i eit bestemt område, avsluttar Jorde.
 
Prosjektet “A multispecies, multitrophic genomics approach to coastal ecosystem structure (ECOGENOME)” er eit samarbeidsprosjekt mellom Havforskingsinstituttet, universiteta i Agder, Oslo, Gøteborg og Århus, samt NAAO (USA).