Gå til hovedinnhold

Kan sjømat endre den mentale helsa?


EMIL8782

Foto: Emil Breistein

Kan ungdom få betre mental helse av å ete meir fisk? Eit stort eteforsøk ved åtte ungdomsskular i Bergen har leita etter svaret.

Nær 500 elevar ved åtte ungdomsskular i Bergen fekk servert lunsj tre gongar i veka i tre månader. Forskarane ville finne ut om maten som ungdomane åt påverka den mentale helsa deira. Ei gruppe fekk måltid med feit fisk, ei gruppe fekk kjøt, og ei gruppe fekk omega-3 kapslar. Ungdomane fylte ut spørjeskjemaet SDQ, der dei svarte på spørsmål om vanskar dei eventuelt hadde med mellom anna kjensler, oppførsel, hyperaktivitet og relasjonar til vennar.

Fann ingen samanheng

Tidlegare studiar har antyda at sjømat kan ha ein gunstig effekt på mental helse, men dette forsøket fann ikkje ein slik samanheng. Det var nemleg ingen avgjerande skilnad i ungdomane si mentale helse frå starten av forsøket til slutten.

–Det kan vere fleire grunnar til dette. For det første kan det jo faktisk vere at sjømat ikkje har nokon effekt på akkurat psykisk helse. For det andre så er tre månader kort tid når det gjeld mental helse. Dessutan var dette vanlege skuleelevar og ikkje ein gruppe ungdom med uttalte vanskar. For å finne effektar i et normalt utval med ungdom må talet på elevar truleg vere langt større enn det var i denne studien.

Det seier Lisbeth Dahl, forskar ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES).

Ei lita undergruppe med elevar skilde seg likevel ut frå resten av elevane. Dette gjaldt dei ungdomane som hadde meldt om vanskar i utgangspunktet. Alle desse melde at dei hadde det litt betre mot slutten av forsøket, men dei som åt fisk, betra seg litt mindre enn dei som åt kjøt.

–Dette gjaldt så få personar at vi ikkje kan dra konklusjonar frå denne undergruppa, seier Dahl.

Del av den store FINS-studien

Forsøket er ein del av den store FINS studien som NIFES har leia, der om lag 45 ulike vitskaplege artiklar undersøkjer om der er helseeffektar av å ete sjømat. FINS-prosjektet er svært breitt lagt opp, og det har involvert studiar på mennesket heilt frå fosterstadiet, via spedbarn, barnehagebarn, skuleungdom til vaksne. Gjennom dei ulike forskingsprosjekta i FINS har ein søkt å dokumentere effektane av å ete hele måltider med mager eller feit fisk på metabolsk og mental helse, og ikkje berre effektane av enkeltstoff som omega-3, jod eller vitamin D.

Den delen av FINS som omhandlar sjømat og mental helse har blitt til i samarbeid med RKBU (Regionalt kunnskapssenter for barn og unge) Vest, Uni Research Helse.

– Dette er så vidt vi vet den første studien som har sett på om det å gi sjømat til ungdom kan ha en effekt på mental helse. Sjølv om vi ikkje fant noko i denne studien, gir studien likevel viktig kunnskap som vi kan bygge vidare på. Vidare studiar kan for eksempel anten inkludere et større antall ungdom eller gjennomførast på ungdom med mentale helse utfordringar og/eller eit lavt sjømatinntak, seier Siv Skotheim, frå RKBU Vest, Uni Research Helse.

Skotheim har vært involvert i studien blant ungdomskoleelvene.