Har laga referansepunkt for endringar i Arktis

I løpet av fleire tokt har havforskarar påvist at det finst både eit epipelagisk og eit mesopelagisk lag med marint liv i nord for Svalbard og i Framstredet.

Nord for Svalbard og i Framstredet finst det om hausten eit epipelagisk og eit mesopelagisk lag med marint liv. Dei mesopelagiske organismane oppfører seg litt annleis der enn lenger sør.

No har havforskarar freista å lage eit referansepunkt for vidare forsking på endringane i dei arktiske økosystema som òg femner om djupare vasslag.

Kort sagt strekker den epipelagiske sona seg frå overflata og rundt 200 meter ned i sjøen. Der startar den mesopelagiske sona og fortset ned til omtrent 1 000 meter. Under 1 000 meter finn ein den bathypelagiske sona.

Det er i samband med forskingsprosjektet SI_Arctic (Strategisk initiativ Arktis) at havforskarane har kartlagt organismane som lever i det epipelagiske og det mesopelagiske sjiktet nord for Svalbard og i Framstredet. No er desse funna publisert i to vitskaplege artiklar kor havforskarane Tor Knutsen og Harald Gjøsæter er førsteforfattarar for kvar sin artikkel. Undersøkingane deira blei gjennomført i løpet av fire tokt. Alle gjekk føre seg i månadsskiftet august–september i åra 2014–2017.

– I desse vasslaga finn vi stort sett dyreplankton og ulike artar av kril, tanglopper (amfipodar) og hoppekreps. I tillegg er det tidvis ein god del årsyngel av fisk (såkalla nullgruppe) i det epipelagiske laget. I det mesopelagiske laget så langt nord er det også ein god del kril, djupvassreker, maneter og lysprikkfisk, og det er ikkje ulikt det ein tidvis kan sjå lenger sør i Norskehavet. Ein finn også tilsvarande strukturar i dei djupe verdshava, seier havforskar Tor Knutsen.

 

Tor_og_Harald_mesopelagisk.jpg

Havforskarane Tor Knutsen (t.v) og Harald Gjøsæter og fleire av kollegaene deira har freista å lage eit referansepunkt for vidare forsking på endringane i dei arktiske økosystema som òg femner om djupare vasslag.

Foto: Gunnar Sætra / Havforskingsinstituttet

 

Vandrar opp og ned

Havforskarane brukte ekkolodd for å finne ut korleis dei epipelagiske og mesopelagiske organismane fordeler seg i dei undersøkte områda. I tillegg har dei brukt pelagisk trål og planktonhåvar for å finne ut kva for organismar som står i desse laga. Nokre av desse organismane kan ein sjå på ekkolodda, andre  ikkje. Stor fisk gir som oftast sterkare ekko enn småfisk og andre små organismar. Aust i Framstredet var det stor fisk som dominerte i det mesopelagiske laget, medan det var små organismar som ga mest ekko lenger vest og nord for Svalbard. Ved å samanlikne med eldre data, fann forskarane òg ut at det mesopelagiske laget er «tynnare» (gir lågare ekkomengde) ved Svalbard enn sør i Norskehavet.

– Vi har også sett at dei mesopelagiske organismane i nord vandrar opp og ned i havet, men den vertikale vandringa er ikkje like tydeleg i Framstredet og nord for Svalbard som lenger sør, mest sannsynleg fordi lystilhøva i nord er nokså ulike dei lenger sør, seier havforskar Harald Gjøsæter.

Dette funnet samsvarer ikkje med tidlegare teoriar om det mesopelagiske laget i nord.

– Fleire av artane som lever i det mesopelagiske laget bruker å vandre mot overflata om natta for å beite. Nattemørket vernar dei mot naturlege fiendar. Om dagen står dei djupare i sjøen for å gøyme seg unna dei same predatorane. Om sommaren er det lyst døgnet rundt i områda vi har undersøkt, medan det er døgnkontinuerleg mørkt om vinteren. Det er lyset som etter alt å døme er signalet organismane i det mesopelagiske laget bruker for å regulere kor djupt dei bør halde seg, og ein har difor tenkt at når det er kontinuerleg lyst eller mørkt vil dette kunne skiple denne vandringa. Dermed har ein gått ut frå at dei mesopelagiske artane i nord ikkje får same tilgang på mat og vern mot naturlege fiendar som dei har lenger sør, forklarer han.

 

Nordlig_lysprikkfisk.jpg

Nordlig lysprikkfisk (Benthosema glaciale) er ein av dei mesopelagiske artane som finst i farvatna vest og nord for Svalbard.

Foto: Rupert Wienerroither /Havforskingsinstituttet

 

Store skilnader

I område kor lyset skifter mellom dag og natt heile året, kan ei rekke av dei mesopelagiske artane vandre fleire hundre meter opp og ned i vassøyla i løpet av eit døgn. I periodane som blei undersøkt i samband med SI_Arctic-prosjektet, varierte døgnvandringa i nord frå rundt 30 meter i døgnet over det ganske grunne Jermakplatået til bortimot 200 meter i døgnet der kor Framstredet er rundt 3 000 meter djupt.

– Det er svært interessant at døgnvandringa er mindre utprega her enn lenger sør. Dei mesopelagiske artane i nord vandrar ikkje heilt opp mot overflata, der det meste av maten finst, seier Gjøsæter og spør:

– Fører det til at desse artane får mindre næring? Er det kanskje derfor det synest å vere mindre mesopelagisk fisk her enn lenger sør? Og kva skjer på tider av året då det er stupmørkt døgnet rundt, både ved overflata og nede på djupet? Her er det mykje å ta fatt i for havforskarar, slår han fast.

Mykje står att

Knutsen og Gjøsæter er samde om at det står att mykje arbeid før ein har kartlagt dynamikken til det mesopelagiske laget og kor utstrekt fenomenet er i Arktis.

– Vi veit lite om kor mykje lys som går ned i vatnet om sommaren. Solvinkelen speler ei rolle, fordi sollyset blir reflektert på ulikt vist, alt etter eigenskapane til vatnet og kor høgt sola står. Is på havet er også ein viktig faktor. Vi veit heller ikkje kor mykje lys dei mesopelagiske artane treng for å finne føde. Nokre av dei lagar jo lys sjølve, seier Tor Knutsen.

Harald Gjøsæter legg til at havforskarane heller ikkje har kartlagt kor dei mesopelagiske artane i nord kjem frå.

– Dette er eit område med straumar frå sør, og det er all grunn til å tru at dei fleste organismane vi finn der, bortsett frå på botnen, har blitt ført mot nord med vatn frå Atlanterhavet. Nord for Svalbard svingar det atlantiske vatnet mot aust, og nokre stader er straumane så sterke at det minner om å forske i ei elv. Straumane tar nok også med seg larvar, yngel, hoppekreps og andre småkryp inn i Polhavet, og førebels veit vi lite om kva som skjer med dei der. Det er også difor arbeidet vi har utført i denne omgangen kan brukast som referansepunkt for vidare forsking i Arktis, avsluttar Gjøsæter.

Referansar:

Tor Knutsen et al.: High Latitude Epipelagic and Mesopelagic Scattering Layers—A Reference for Future Arctic Ecosystem Change

Harald Gjøsæter et al.: Evidence of Diel Vertical Migration of Mesopelagic Sound-Scattering Organisms in the Arctic