Framleis kritisk for ålen

Den europeiske åleben gyter på andre sida av atlanteren. Yngelen søker seg mot bekker og kystområde i Europa.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Den europeiske ålen er framleis kritisk truga. Det er konklusjonen til det internasjonale havforskingsrådet etter ei ny bestandsvurdering.

Årets rekruttering av åleyngel (glasål) til nord-europeiske land var 1,6 prosent av snittet for perioden 1960-1979. I området som gjeld Sør-Europa var talet 8,7 prosent.

Føre var

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) anbefaler i sin rapport at menneskeskapte faktorar som kan føre til færre kjønnsmodne ålar, blir haldne på eit minimum eller reduserte så langt som råd. Eksemplar er fiskeri, vasskraft, pumpestasjonar og forureining.
 
Historisk har fangststatistikken for ål vore ufullstendig og av varierande kvalitet. Forskarane kjenner heller ikkje alle mekanismane bak den mystiske ålen si formeiring og bestandsutvikling.
 
– Det er vanskeleg å seie i detalj korleis dei ulike faktorane kan påverke ålebestanden negativt. Det vi veit sikkert, er at det står dårleg til med rekrutteringa, seier Caroline Durif, bestandsansvarleg for europeisk ål ved HI.
 

Freda i Norge

Sidan 2007 har ålen vore freda i Norge. Den «norske» ålen er del av ein felles europeisk bestand som kryssar Atlanteren for å gyte i Sargassohavet. Dette skjer når ålen er ein stad mellom 13 og 30 år gammal. Endringar i mengda vaksen ål får dermed konsekvensar for rekrutteringa først etter fleire år.
 
Sidan ålebestanden er felles for så mange land, er det variasjonar i både forvalting og data. Det går også føre seg ulovleg fiske etter ål. Datagrunnlaget til ICES er likevel betre enn før.

Fiska etter data

For 2017 blei det for første gong sendt ut ein såkalla «data call». Det vil seie at landa i ICES måtte rapportere tilgjengeleg ålestatistikk om rekruttering, fangst, utsetting og produksjon i akvakultur. 
 
– Det avgrensa, norske forskingsfisket etter ål er del av denne datainnsamlinga. Forskingsfisket var vellykka for å samle inn svært viktig data. Dessverre fekk nokre av fiskarane problem med å omsette ålen dei fanga, endå vi gjekk gode for at fangsten var lovleg og forsvarleg, seier Caroline Durif.
 
Ho jobbar for å gjere det lettare å selje fangsten sin for dei som deltar i framtidig forskingsfiske.
 
Les meir om forsøksfisket eller sjå film: