Gå til hovedinnhold

Testar snøkrabbeteiner med lys


IMG 5140

Havforskingsinstituttet har gjort forsøk med teiner med lys på 250–300 meters djup i Barentshavet. Det ser ut som det skal meir til enn lys for å lokka snøkrabben i teina. Ny plassering av opninga kan vera det som får krabbane til å gå heilt inn i teina.

Studien vart gjennomført i Barentshavet om bord på fiskebåten Tromsbas i juni i år. Teinene vart utstyrte med lys og agn eller berre lys, og filma med GoPro-kamera. Teinene vart samanlikna med teiner som berre hadde agn.

Sjå opptak frå forsøket:

Annleis i Barentshavet

Forskar Odd-Børre Humborstad og kollegaene fekk ikkje same respons på lys-teinene  som det som er registrert i likande forsøk i Newfoundland. Der vart teinefisket opp til 80 prosent meir effektivt med bruk av lys. Der var det også like god respons på teiner berre med lys (utan agn) samanlikna med teiner som var egna med akkar. 

– Vi har ikkje noko klart svar på kvifor våre lysteiner ikkje fiska like effektivt som dei i det kanadiske forsøket, men det kan ha samanheng med konsentrasjonen av krabbar på fiskefeltet. Studien i Barentshavet er gjort i ein periode med  låge fangstar, medan dei kanadiske forsøka føregjekk i ein periode med høge fangstar. For at lys skal fungera, kan det sjå ut som det må vera fleire krabbar rundt teina, seier Odd-Børre Humborstad, som leiar ein av arbeidspakkane i det store snøkrabbeprosjektet SNOWMAP (sjå fokusboks).

Lærdom frå kongekrabbefiskeriet

Men sjølv om det ikkje vart særleg til fangstar i lysteinene, kjem det annan nyttig informasjon frå observasjonane i djupet.

– Då vi gjekk gjennom opptaka, såg vi at krabbane kom til teina, oppheldt seg der litt, men dei gjekk ikkje inn. Vi trur at teiner med sideinngang kan vera løysinga; slike teiner er innført i kongekrabbefisket med stort hell, seier Odd-Børre Humborstad.

Snøkrabbefisket ei ung næring som meir eller mindre har kopiert fangstmetodane som vert nytta i snøkrabbefiskeri andre stadar, fortel han.

– Det var også tilfelle då kongekrabbefisket var nytt, men vi bidrog raskt til å utvikle meir effektive teiner tilpassa norske forhold. Noko liknande ser vi for oss å gjera for snøkrabbefiskeriet.

Utviklar nytt design

Båtane som fiskar på snøkrabbe har gjerne  mange tusen teiner med ut på havet. Teinene er lette å handtera (agna, setja ut, hale inn og tømma), robuste og  praktiske (lar seg stabla).
Teiner med inngang på sidene er ikkje like praktiske, då dei ikkje kan stablast på same måte som dagens teiner. Til gjengjeld vil fiskarane trenga færre teiner og kunna gjera unna fisket på kortare tid. 

– Eit berekraftig fiske handlar også om drivstoffbruk, kor mykje tid som vert brukt på havet og kostnaden på agn. I dag vert det brukt akkar i teinene. Det er dyrt agn, som  heller kunne vore brukt som menneskemat, seier Odd-Børre Humborstad. Han reiser på eit nytt snøkrabbetokt til våren når fangstratane erfaringsmessig er høgare. Då skal dei repetera lysforsøka og testa nytt teinedesign.