Gå til hovedinnhold

RFID-merkt makrell med i kvoterådgjevinga for første gang


Merking av makrell med RFID-teknologi

Lag med to til tre personar må til for å merka makrellen og få han raskt attende i sjøen. Rutinerte merkarar har sett merke i over 7000 makrellar på ein dag. Sjå heile prosessen forklart i biletserie nedst i saka.

Merke-gjenfangst-metoden med automatisk identifisering (RFID) for makrell har vore i bruk i seks år, og over 300 000 makrellar er utstyrte med id-brikke i buken. I år er data frå denne tidsserien for første gang med i bestandsberekningane for makrellrådet.
 

Makrellen har ei økologisk nøkkelrolle i fleire kyst- og havområde i Nordaust-Atlanteren, og er den kommersielt mest verdfulle bestanden i Atlanterhavet. 29. september kjem kvoteråda for makrell og dei andre pelagiske bestandane.  

Betre datagrunnlag

Kunnskapsgrunnlaget og rådgivinga for makrellen var tidlegare karakterisert som mangelfull. Dei siste åra har spesielt Noreg satsa på storskala forsking og metodeutvikling for å sikra betre mengdemålingar. I tillegg til merke-gjenfangst-metoden med RFID-teknologi, har Havforskingsinstituttet (HI) også gått i bresjen for ein trålindeks i Norskehavet. Den vart inkludert i rådgivinga i 2014. Frå i år av er også RFID-teknologien med. I tillegg går eggtoktet, rekrutteringsindeksen og den avslutta tidsserien med stålmerke inn i bestandsberekningane.   

– Til saman gjev desse tidseriane oss eit langt betre grunnlag for å vurdera storleiken på makrellbestanden og gje berekraftige råd, seier Aril Slotte. Han leiar faggruppe pelagisk fisk på Havforskingsinstituttet, og har vore sentral i utviklinga av RFID-metodikken.

Ny teknologi styrkar rådgjevinga

Sidan 2011 er over 300 000 makrellar merkte elektronisk og sleppt ut igjen i havet (sjå heile merkeprosessen i biletserie nedst i saka). På årets makrellmerkingstokt nådde mannskapet å merka over 56 000 makrellar. Det er ny toktrekord. 
Tidlegare blei det brukt stålmerke som måtte takast ut av fisken. I dag passerer fisken under ein RFID-lesar som registrerer data frå merket og automatisk overfører dei til ein database på HI.

– Denne metoden er eit godt døme på korleis ny teknologi i kombinasjon med tradisjonelt feltarbeid styrkar rådgjevinga vår. Vi sparar mykje tid sidan merka vert lesne automatisk, og data blir tilgjengelege for forskarane med ein gong, seier Aril Slotte, som opplyser at metoden no også er i bruk for nvg-sild. For å dekkja landingane av sild, skal det installerast RFID-lesarar på ni nye anlegg i Noreg.

Vellukka nærings- og forskingssamarbeid

Fiskeri- og Havbruksnæringens forskningsfond har betalt for utviklinga av RFID-teknologien og Sildelaget for utplasseringa av lesarar på fiskemottak. Aril Slotte er særs nøgd med samarbeidet. 

– I dette prosjektet har næringa vore med på å betre rådgivingsgrunnlaget vårt. Dei deltek på merketokta våre med fartøya sine og er med på  fangst og merking av fisk. Når fisken vert landa, er mottaka viktige. Vi får installere desse systema, og på mottaka følgjer dei opp med å samla inn prøvar av fisken som passerer antennene.