Nye kostråd for laksen

Fisken klarer ikkje like godt å ta opp vitamin og mineral frå eit fôr som er laga av planter, som frå eit fôr som er laga av fiskemjøl og fiskeolje. Difor gir ein no råd om å tilsetje meir vitamin og mineral i fôret.

Dei gamle anbefalingane om tilskot av vitamin og mineral i laksefôret stemmer ikkje lenger. Oppdrettslaksen treng heilt andre mengder av nokre av dei viktige mikronæringsstoffa no som over 70 prosent av fôret kjem frå planteråstoff. Den nye kunnskapen er avgjerande både for laksen si vekst og velferd.

–Mangel på mikronæringsstoff kan vere dødeleg for fisken. Det er nok at fisken får for lite av eitt enkelt næringsstoff før han får problem, seier Kristin Hamre, seniorforskar ved Nasjonalt Institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES).

Anna vitaminbehov med plantefôr

Oppdrettslaksen sitt fôr har endra seg dramatisk dei siste 10-15 åra. Der mesteparten av fôret tidlegare var sett saman av fiskemjøl og fiskeolje, kjem no over 70 prosent av ingrediensane i dei fleste kommersielle laksefôra frå planter. Planter inneheld antinæringsstoff som kan føre til at fisken tek opp mindre av næringsstoffa som er i fôret, og i nokre tilfelle må ein difor gi laksen heilt andre mengder med vitamin og mineral.

–Sjølv om plantene inneheld desse næringsstoffa, så klarer ikkje fisken å ta dei opp i same grad som frå eit marint fôr. For ein del næringsstoff er det også lavare nivå i planteingrediensar enn i fiskemjøl og fiskeolje. Difor må vi tilpasse mengda av mikronæringsstoff, seier Hamre.

Gamle anbefalingar stemmer ikkje lenger

NIFES har sidan 2011 vore med i det store EU-prosjektet Arraina der målet er å finne ut kor mykje ulike fiskeartar treng av ulike mikronæringsstoff no som fôrsamansetjinga har endra seg. Noreg og Skottland har samarbeida om den delen av prosjektet som omhandlar laks. Det viser seg at når det gjeld nokre av vitamina og minerala som er studerte så langt, så ligg den gamle anbefalinga langt frå det reelle behovet.

–Vi sperra opp auga, og vi trudde først ikkje heilt på det vi såg. Då til dømes resultatet for B-vitaminet Niacin tikka inn, viste det seg at laksen treng fire gongar så mykje Niacin som det som tidlegare var anbefalt, og han treng dobbelt så mykje B6, seier Hamre.

Nye metodar gir raskare svar

Dei gamle anbefalingane for tilsetjing av mikronæringsstoff i fôr kom etter forsøk som ein gjorde på 1980-talet. Forsøka vart i all hovudsak gjorde på regnbogeaure på yngelstadiet, og veldig lite vart gjort på laks og på vaksen fisk. Gjennom Arraina-prosjektet har NIFES-forskarane laga næringspakkar med alle mikronæringsstoffa som dei har lagt til fôret i augande grad. Dette har dei gjort både i ferskvatn med liten fisk, med smolt i sjøvatn, og dei gjennomfører no langtidsstudiar med større fisk.

Forskarane arbeider seg gjennom lista med vitamin og mineral, og til no er vitamin C, vitamin E, 8 B-vitamin og fleire mineral kartlagde. Dei nyttar ein metode der ein leitar etter nivået for alle mikronæringsstoffa i eitt og same forsøk, i staden for å leite etter eitt og eitt stoff. Dei brukar biomarkørar som til dømes konsentrasjonen av vitamin i vev, og dette er ein svært effektiv arbeidsmåte som gir raske svar. Dette er ein screeningmetode, og ein bør følgje opp med å studere enkeltnæringsstoff djupare.

–Tidlegare kunne ein bruke eit heilt karriereløp på denne typen undersøkingar. Dei nye metodane og verktøya gjer at vi kjem mykje raskare i mål. Likevel er dette ei første tilnærming til problemstillinga, og en kan tenkje seg at vi seinare vil gå djupare på utvalde næringsstoff. Med utviklinga vi ser med meir og meir planteingrediensar i fôret er det avgjerande at vi finn dei rette vitamin- og mineralpakkane slik at vi kan sikre god vekst og robust fiskehelse, seier Hamre.

To publiserte artiklar frå Arraina: