Gå til hovedinnhold

Framlegging av kvoteråd for norskehavsbestandane


Makrell og sild

ICES kvoteråd for makrell, nvg-sild, kolmule, vestleg hestmakrell og hestmakrell i Nordsjøen kjem den 29. september.

Fredag 29. september kjem kvoteråda for 2018 for nvg-sild, kolmule og makrell og hestmakrell. Havforskingsinstituttet presenterer råda klokka 12.00 same dag.

Det er ICES, Det internasjonale råd for havforskning, som gjev råda for dei fem bestandane. Råda blir offentleggjorde klokka 12.00. Forskingsdirektør Geir Huse presenterer råda hos Havforskingsinsituttet. Katja Enberg, leiar av Norskehavs-programmet, og dei bestandsansvarlege kjem også til å vera til stades. Det blir sending frå presentasjonen på Facebook-sida vår.