Gå til hovedinnhold

Sjå havdebatten frå Arendalsuka


Promenade med flotte seilbåter med norske flagg, trær og sol

Arendalsuka er ein ein årleg nasjonal arena. Her møtest aktørar frå politikk, samfunns- og næringsliv og folk flest. Målet er debatt og utforming av notidig og framtidig politikk. Årets Arendalsuka er den sjette i rekka.  

Fotograf: Arkiv

Saman med Arendalsuka inviterte vi til debatt om moglegheiter og utfordringar i våre hav- og kystområde. Blant tema var verdiskaping og berekraft, plast og anna marint søppel.

Havforskingsdirektør Sissel Rogne og Øystein Djupedal, som leia programkomiteen for Arendalsuka, innleia arrangementet som var del av hovudprogrammet denne veka.

(Denne saka er oppdatert med film frå foredrag og debatt. Til høgre på sida ligg presentasjonen til Frode Vikebø)

Livet i havet

Frå Havforskingsinstituttet stilte også forskarane Frode Vikebø og Bjørn Einar Grøsvik. Dei snakka om høvesvis sårbare stadium av fisk og andre marine ressursar og marin plast og mikroplast – førekomst og skade på marint dyreliv. I denne bolken deltok også Kjell Ingebrigtsen frå Norges Fiskarlag og Nina Jensen frå WWF Noreg.

Politikardebatt

Så slepte politikarane til. Det er sagt at Noreg skal fire- eller femdobla dei marine næringane, og panelet drøfta kva verdigrunnlag som skal vera retningsgjevande for ein slik vekst. Med fiskeriminister Per Sandberg, (FrP), Tromsø-ordførar Kristin Røymo (Ap), Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø, (H) og dei to stortingsrepresentantane Per Olaf Lundteigen, (SP) og Snorre Valen (SV). Debatten vart leia av Terje Svabø.