Gå til hovedinnhold

Nytt kart viser kor søppelet flyt i land


Marint søppel på Tromøya utanfor Arendal

Marint søppel på Tromøya utanfor Arendal. Arkivfoto

Våre forskarar har laga eit kart over kor søppel mest sannsynleg skyl opp på strendene i Hordaland. Dette kan bli eit viktig hjelpemiddel for strandryddarane.

Oversiktskartet viser «hot spots» langs kysten – dei stadane det er mest sannsynleg at plast og anna søppel i havet driv inn på strendene.  

Nyskapande hjelpemiddel

Det er fyrste gong Havforskingsinstituttet har laga noko slikt, og vi er ikkje kjent med at det finst noko liknande.

Oseanograf Jon Albretsen har studert havstraumane langs kysten, og teikna opp kartet.

Kartet syner "hot spots" for kor marint søppel driv opp på land i Hordaland fylke.

Foto: Havforskningsinstituttet

Dei raude flekkane viser kor ein mest sannsynleg vil finna store mengder avfall, medan dei gule flekkane viser område der det truleg kjem inn noko mindre mengder søppel.

Seniorforskar Bjørn Einar Grøsvik håpar strandryddarar vil finna kartet nyttig.

– Dette kartet viser kor ein bør setje inn innsatsen først, seier han.

NRK: Plastryddarane jublar

Etter funnet av gåsenebbkvalen med magen full av plast på Sotra i februar 2017 har engasjementet for strandrydding vore stort.

Les meir: 200 kilo søppel per kvadratmeter langs norskekysten

Til NRK seier Kenneth Bruvik i Norges Jeger- og fiskeforbund at kunnskap om kor plasten kjem inn er ufatteleg viktig – og at han jublar over å få eit slikt kart.

Seniorforskar Bjørn Einar Grøsvik håpar kartet vert eit godt hjelpemiddel

Seniorforskar Bjørn Einar Grøsvik håpar kartet vert eit godt hjelpemiddel

Foto: Kjartan Mæstad, Havforskningsinstituttet

Kan utvidast til heile norskekysten

Til no har HI laga to kart, eit over Hordaland fylke og eit over Skagerrak. Men vi kan lage slike kart for heile Kyst-Noreg, dersom det vert etterspurt.

Forskarane har ikkje vore ute overalt for å sjå om kartet stemmer med det faktiske terrenget. Difor blir vi på Havforskinga glade for tilbakemeldingar frå lokalt publikum.

Treff kartet – eller ikkje? Send oss gjerne ein e-post på postmottak@imr.no