Gå til hovedinnhold

Meir miljøgifter i villaks enn i oppdrettslaks


es43584oppdrettslakseivi

Norsk oppdrettslaks har lavare nivå av både miljøgifter og omega-3 enn villaksen. Foto: Eivind Senneset

Det er høgare nivå av miljøgifter i norsk villaks enn det er i norsk oppdrettslaks. Det viser ein ny norsk studie. Dette er den første store studien som samanliknar den laksearten vi har i norsk natur med norsk oppdrettslaks.

– Ein har trudd at det er meir miljøgifter i oppdrettslaks enn i villaks, men no viser det seg at det er feil. Det seier Anne-Katrine Lundebye, seniorforskar ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning, (NIFES).

Lundebye har leia eit stort forskingsprosjekt der ein samanliknar norsk villaks med norsk oppdrettslaks, og forskarane har studert både skilnader i miljøgifter og i næringsstoff mellom dei to. Studien viser at oppdrettslaksen har lavare nivå av miljøgifter enn villaks. Dette gjeld mellom anna dioksin, PCB, bromerte flammehemmarar og dei fleste sprøytemiddel. Lundebye forklarar skilnaden med kva fisken får i seg.

– Fisken speglar det han et, både når det gjeld miljøgifter og næringsstoff. Dette kan vi kontrollere i oppdrettsfisk, men i naturen varierer det kva fisken får å ete, seier Lundebye.

Utviklinga av fiskefor er ein av grunnane til det relativt lave nivået av organiske miljøgifter i oppdrettslaks. Fiskeforet inneheld i dag mindre fiskeolje enn tidlegare, og det var nettopp fiskeoljen som var kjelda til mange av dei uønska stoffa i foret.

Både oppdrettslaks og villaks har lave nivå av miljøgifter

Samtidig viser resultata at sjølv om villaksen har høgast nivå av organiske miljøgifter, så har både villaksen og oppdrettslaksen generelt lave verdiar av miljøgifter. Verdiane er hos begge langt under grenseverdien for dei stoffa det er sett grense for. Forskingsarbeidet viser vidare at villaksen har meir av næringsstoffa jern, kopar, sink og selen, og det er eit gunstigare forhold mellom omega-3 og omega-6 i villaks enn i oppdrettslaks.

– Ein får framleis god effekt av omega-3 i oppdrettslaks sjølv om det er ein lavare omega-3-omega-6-ratio i denne fisken, seier Lundebye.

Sjølv om det er ulike funn av næringsstoff og miljøgifter i oppdrettslaks og villaks i Noreg, så nøler ikkje Lundebye med å anbefale begge typane laks på middagsbordet.

– Forbrukarane må ikkje bekymre seg, for begge to er ein god kjelde til omega-3-feittsyrer, og dei har ikkje urovekkande nivå av miljøgifter. Vi kan trygt seie at begge to er sunne, seier ho.

Den største studien på området

Den nye norske studien er svært omfattande, med 100 individ av villfanga laks og 100 individ av oppdrettslaks. Dette gir svært pålitelige resultat. Villaksen er fanga i havet i Nord-Noreg, men Lundebye reknar ikkje med at dei ville fått andre resultat om fisken vart fanga andre stader i landet.

– I og med at han vandrar, og ikkje er stadbotn, så vil sannsynlegvis ikkje fangsstaden ha noko å seie. Vi veit at laks frå alle områder av Noreg brukar Norskehavet som oppvekstområde, og til dels også Barentshavet. Andre studiar viser at laks som er fiska ein stad har opphalde seg heilt andre stader i havet tidlegare, men vi veit ikkje nøyaktig kvar fisken i vår studie har vore tidlegare i livet. Grunnen til at vi berre har laks frå Nord-Noreg med i denne studien er at det meste av sjølaksefisket skjer der, seier ho.

Strir mot tidlegare forsking

Den siste store studien som vart gjort på dette feltet var ein amerikansk studie som vart publisert i tidsskriftet «Science» i 2004. Denne studien kom til motsett konklusjon av den ferske NIFES- studien, og det blir ofte referert til denne i den offentlege debatten. Lundebye er skeptisk til resultata frå 2004-studien, for der samanlikna ein to ulike lakseartar. I den amerikanske studien var villaksen av typen stillehavslaks, medan oppdrettslaksen var av arten atlanterhavslaks. Dei to artane har ulikt feittinnhald, og difor er det problematisk å samanlikne dei, forklarer Lundebye.

– Ein har samanlikna eple med pærer. Det nyttar ikkje å samanlikne vill stillehavslaks med oppdretta atlanterhavslaks, for feittprosenten er jo heilt ulik i dei to artane. I og med at atlanterhavslaksen har meir feitt i seg, vil han naturleg nok ha høgare nivå av feittløyselege organiske miljøgifter enn stillehavslaks, anten han er vill eller frå oppdrett.

 

Fakta frå studien:
Mindre av desse miljøgiftene i oppdrettslaks enn i villaks:

  • dioksinar
  • PCB
  • bromerte flammehemmarar
  • sprøytemiddel DDT, toksafen, dieldrin, lindan, klordan, heksaklorbenzen og Mirex

Meir av desse næringsstoffa i villaks enn i oppdrettslaks:

  • selen
  • kopar
  • sink
  • jern
  • gunstigast omega- samansetning