Kopling av akustiske observasjonar og individbasert modellering
Målet for prosjektet er å undersøka korleis vi kan kopla akustiske observasjonar til avanserte åtferdsmodellar. Ved å simulera akustiske signal frå fiskeåtferdsmodellar reknar vi med å finna ut korleis det akustiske signalet er påverka av ulik åtferd, og om det er råd å rekonstruera åtferda frå det akustiske signalet. I dei tilfella der det er mogeleg vil vi kunna nytta akustikk til å testa dei teoretiske åtferdsmodellane, og samstundes vil vi kunna korrigera det akustiske mengdeestimatet.
Når vi observerer mengde fisk ved hjelp av akustikk fører ofte endringar i fiskeåtferd til endringar i observert mengde, utan at talet på fisk er endra. Denne endringa prøver vi å estimera og kompensera for. Samstundes inneheld denne endringa informasjon om åtferda til fisken, noko som er relevant for dei som arbeider med gruppeåtferdsmodellar.