Hopp til hovedteksten
Admar logo
Utskriftsvennlig versjon

ADMAR

”Adaptive management of living marine resources by integrating different data sources and key ecological processes (ADMAR): A joint effort by IMR and CEES”

Økosystemtilnærming til forvalting marine ressursar er eit relativt nytt prinsipp innan fiskeriforvalting. Havressursloven er den juridiske implementeringa av denne tilnærminga. Lova krev at ein kan gje råd på både bestandar med eit godt og lite datatilfang, og krev lovgjeving på både kommersielt viktige artar og artar som ikkje nødvendigvis er kommersielt viktige.

Det overordna målet med prosjektet er å forbetra kunnskapsgrunnlaget økosystem basert forvalting, og å utvikla eit rammeverk for operasjonell adaptiv forvalting. Dette krev det innsats på to viktige felt: For det første skal vi utvikla realistiske modellar som er enkle nok til å ha kontroll over feilstrukturane i modellprediksjonane. Ulike datakjelder (undersøkingar frå tokt og fiskeri, fiskeristatistikk, livshistorie, interaksjonar mellom ulike bestandar, osb) med tilhøyrande feilstrukturar skal integrerast og genera parametrar og tidsseriar for modellane. Vidare utvikling av bestandsmodellane, som inkluderer identifisering og kvantifisering av uvisse, er avgjerande for forstå konsekvensen av lite og usikker informasjon. Det andre feltet er vidare utvikling av biologiske modellar, som inkluderer interaksjonar mellom dei sentrale bestandane, og som gjev ei auka forståing av kjerneprosessane i økosystemet. Modellane som fokuserer på økosystemprosessane vil vera spesielt relevante for datafattige situasjonar.

For begge tilnærmingane vil prosjektet utvikla og testa haustingsreglar for hausta bestandar. Denne tilnærminga gjer at vi kan studera ulike haustingsregime og studera kor robust dei ulike haustingsreglane er ved ulik informasjonsmengde. Prosjektet vil og studera ulike økologiske scenario, der interaksjonane innan og mellom ulike artar kontinuerleg endrar seg.

Dei operasjonelle modellane dannar grunnlaget for rammeverket som kan gje velfunderte råd basert på mengda og kvaliteten av tilgjengeleg informasjon.
 

Kontaktpersoner

Olav Kjesbu
930 47 611
Co-prosjektleder