GMDannevig2007_Foto_OPaulsen.jpg
Foto: Øystein Paulsen

Forskings- og rådgivingsprogram

Havforskingsinstituttet har ein organisasjon som er retta inn mot å gi gode og heilskaplege råd til forvaltinga. Forskings- og rådgivingsaktiviteten vert leia gjennom fire økosystembaserte og eitt tematisk program. I tillegg har instituttet fem forskingsprogram. Fagleg aktivitet vert leia og finansiert gjennom desse programma og utført i faggruppene.

Programma er ansvarleg for forskings- og utviklingsaktiviteter (FoU) ved Havforskingsinstituttet og er bemanna med programleiar, prosjektøkonom og prosjektleiarar. Rapportering av FoU-aktivitetar til Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) og innspel til statsbudsjettet skjer gjennom programma.

Programma vert årleg tildelt ressursar i tråd med eksisterande prosjektportefølje og strategiske og meir kortsiktige satsingar via tildelingsbrev frå FKD. Alle FoU-prosjekt vert tilordna eit program, og programma er ansvarlege for å henta inn ekstern finansiering

Prosjektidear vert genererte på alle nivå i organisasjonen, men bør tidleg forankrast i programma og utviklast vidare til prosjekt eller søknader til eksterne finansieringskjelder.

Forskningsdirektører: Program og prosjekt

Ole Arve Misund
55 23 84 97
+4791174186
Send e-post

Fag- og kompetanseutvikling:

Einar Svendsen
55 23 84 58
90997343
Send e-post

Faglig strategi:

Reidar Toresen
55 23 84 20
91123090
Send e-post