Faggruppa arbeider med bunnfisk i alle havområda våre, og har som målsetting å halda ved lag og vidareutvikla Havforskingsinstituttet sin hovudkompetanse på desse artane. Denne kompetansen omfattar innsamling av biologiske data som lengde, vekt, alder, modning etc., informasjon om bestandane sin storleik, utbreiing og vandring basert på akustisk metodikk og bunntrålfangstar, vurdering av bestandane sin tilstand, modellering av bestandsutviklinga både i ein- og fleirbestandsperspektiv, rådgjeving om forvalting osv. Faggruppe Bunnfisk er samansett av 15 forskarar og 10 teknikarar. To frå gruppa sit i Tromsø, medan resten held til i Bergen.
Dei bestandane denne gruppa har spisskompetanse på er :
- Kysttorsk nord for 62ºN
- Nordaustarktisk torsk (skrei)
- Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og Den østlige engelske kanal
- Nordøstarktisk hyse
- Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat
- Nordøstarktisk sei
- Sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland
- Hvitting
- Øyepål
Gruppa leverer forskings- og teknikarkompetanse på bunnfisk til:
