Hopp til hovedteksten
Rasmus_Skern_150.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Proteinnedbrytande enzymer frå lakselus

Cand. scient Rasmus Skern disputerte 25. november 2005 for dr. scient graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: "Trypsin and trypsin-like peptidases from Lepeophtheirus salmonis".

Lakselus er eit av dei største problema for villaks og oppdrettslaks, og påfører oppdrettsnæringa eit tap på 100-500 mill kr årleg. Ved å studere lakselusas biologi på molekylært nivå, er det mogleg å produsere viten som kan bidra til utvikling av nye avlusingsstrategiar. I tillegg tilhøyrer lakselusa hoppekrepsane, som er lite studert på det molekylærbiologiske nivå. Difor har resultata frå dette studiet ei generell vitskapleg interesse.

I avhandlinga er sju ulike proteasar (proteinnedbrytande enzym) skildra. Desse har fellestrekk med trypsin, som er eit vanleg fordøyingsenzym. Fem av desse er uttrykte i lakselusas tarm, og truleg involvert i fordøying. Denne trua styrkast av at uttrykket av dei fem proteasane aukar når lakselusa set seg på verten og startar å ete. Den sjette proteasen er uttrykt i vaksne holus, og genproduktet vert overført til lakselusas egg, der ein trur det vert aktivert. Sidan ein liknande protease med same uttryksmønster ikkje tidlegare er skildra, er det på det noverande tidspunkt kun mogleg å gjette på den biologiske funksjonen til denne proteasen. Den sjuande proteasen har i tillegg til proteaseregionen ein ekstra region kalla clip-domene. Fleire proteasar som inneheld slike clip-domener er kjende frå andre leddyr. Nokre av desse er involvert i immunreaksjonar og det spekulerast difor at den sjuande proteasen kan ha ein liknande funksjon.