Johan Hjort fekk maskinproblem og vart taua til lands av Kystvakta tidlegare i månaden. Maskinen vart reparert i Tromsø, og etter mannskapsskifte 14. september stakk Johan Hjort til havs att med godt utkvilt og delvis nytt toktpersonell.
Av Sigbjørn Mehl

Det første døgnet gjekk med til å ta eit russisk snitt frå Nordkapp til Bjørnøya som ein del av det omfattande samarbeidet vi har med kollegaene våre i aust (les om snitt i toktdagbok 14.09). Dei som hadde gleda seg til å få sjå øya vart litt skuffa, den låg skjult i tett skodde. Vel, vel, vi skulle vidare mot nordaust og like forbi Hopen, kanskje vi hadde betre lukke neste gong, det var til og med snakk om ein tur i land. Men det var både kuling og mørkt då vi passerte Hopen, så vi får nøya oss med å finna glede i det faglege.
I det området Johan Hjort har dekka mellom Bjørnøya og Hopen hadde vi ifølgje ekkoloddet eit innslag av plankton, 0-gruppefisk (sjå toktdagbok 17.08 og 04.09) og lodde oppe i sjøen. Flytetrålfangstane viste at dette for det meste var krill, yngel av lodde, langebarn og torsk samt eitt år gamal lodde. I botntrålen har vi hatt mest av litt eldre torsk og hyse samt gapeflyndre. Hysa ser ut til å spreia seg lenger og lenger nordover etter som temperaturen i havet aukar. På ein stasjon fekk vi nesten eit tonn hyse, men den stod så tett i botnen at vi knapt registerte den på ekkoloddet. Dette er i visse periodar og område eit problem for akustisk mengdemåling av både torsk og hyse. I andre situasjonar står kanskje fisken så høgt oppe i sjøen at den ikkje er tilgjengeleg for botntrålen. Mengdemål basert på ekkoloddregistreringar samsvarar derfor ikkje alltid med mengdemål basert på botntrålfangstar, men stort sett gjev begge desse måla eit godt grunnlag for å vurdera utviklinga av dei viktigaste fiskebestandane våre.
Registreringer
Registreringer av 0-gruppetorsk per 18.09.07:

Registreringer av voksen torsk per 18.09.07:

Registreringer av stor havnål per 18.09.07:
 |