Flotte naturopplevingar

Fra laboratoriet om bord i JMSå er kursen satt mot Longyearbyen og toktavslutning. Snart har eg identifisert min siste polartorsk og sortert min siste bentos kl 0600 om morgonen. Trass intens jobbinnsats har toktet absolutt vore meir enn berre arbeid; i dag hadde me ein fantastisk naturoppleving då me cruisa inn Ross-fjorden med sola i ryggen, breen i forgrunnen, og blikkstille sjø mellom bratte fjell.

På ope hav leika det seg tre-fire knøl-kvalar like ved båten akkompagnert frå broa av eit samstemt og avventande ”Åhhhhhhhhh!” idet kvalane kom opp av vatnet ,og eit fornøgd ”ahhh!” i det dei dukka under igjen. No manglar det berre ein isbjørn, og kanskje ein kvalross. Ei håkjerring hadde óg vore moro.

Sortering etter trålhal
Sortering av trålfangst.

Kjem til å sakna det å koma til duk og dekkja bord kvar dag og den supre maten; student-nuddel-middagane blir liksom ikkje det same etter tre varme måltid kvar dag her på båten. Men det skal bli godt å oppdatera seg på søvn. Og kanskje med tid og stunder vil eg ikkje lenger bråvakna av mareritt om at eg-heilt aleine-må sortera 2 tonn med fisk i alle fargar og fasongar!

Silje Seim, student UiB