Ein sjeldan gjest ved Bjørnøya

Av og til dukkar det opp fisker i trålen som få har sett før, og vanligvis er det meir varmekjære arter som har forvirra seg opp i til våre områder. Torsdag ettermiddag dukka det opp ein rar fisk i 0-gruppe-trålen…

Schedophilus medusophagus (Foto: John Alvsvåg)
Engelsk svartfisk Schedophilus medusophagus. Foto: John Alvsvåg
Etter nærmare ettersyn viste deg seg å vere ein engelsk svartfisk (Schedophilus medusophagus). Denne fisken lever i dei frie vannmassane og beiter på maneter og salper.

Arten er utbredd over heile kloden og reknast som ein sub-tropisk art. Arten har ei utbreiing som strekkjer seg frå kysten av Namibia og opp mot Island. Det er også gjort funn i Middelhavet. Den nordlegaste registreringa me kunne finna er frå Irminger-havet så vårt funnet er spesielt.

Fisken er sjølvsagt tatt vare på og vil bli nærmare undersøkt når G.O. Sars kjem til Bergen.

Hilsen John Alvsvåg, totktdeltager på FF G.O. Sars

Følg toktdagboken! 
August
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031
September
MTOTFLS
1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930