Temperaturendringer

Figur 2.1.3.1Det har vore ein temperaturauke i Barentshavet dei seinare åra (Figur 2.1.3.1). Sjølv om det ikkje er snakk om store endringar i temperaturen, kan det likevel henda at dette medfører endringar i økosystemet. Temperaturtilhøva i Barentshavet er for ein del av dei artane som lever der, men som eigentleg trivst best i mildare klima, på grensa av kva dei kan tåla. Då skal det kanskje ikkje stor temperaturauke til før det vert meir leveleg, slik at arten får eit større utbreiingsområde. No er ikkje temperaturen i seg sjølv det einaste som tel i så måte.

Figur 2.1.6.1Årsaka til at temperaturen stig, kan enten vera auka innstrøyming av atlantisk vatn, eller at det vatnet som kjem inn i Barentshavet er varmare enn normalt. Dersom det er auka innstrøyming som er årsaka, vil dette føra til auka mengder av næringsstoff og planktonorganismar,  noko som kan gje endringar i levekåra for fiskeartane i Barentshavet og også auka vekst og overleving. Dersom temperaturauken berre skuldast at det innstrøym-ande vatnet var varmare enn normalt, som tykkjest ha vore tilfelle i 2004, så fører det først og fremst til at utbreiinga av artane endrar seg.

Ei endring som det kan synast rimeleg å søkja årsaka til i ein temperaturauke, er den auka mengda av kolmule vi har observert i Barentshavet dei seinare åra. Det har i mange år vore observert kolmule i det vestlege og sørlege Barentshavet, men aldri før i slike mengder som no, og heller ikkje så langt nord og aust i dette havområdet. Hausten 2004 vart det under økosystemtoktet målt akustisk på lag 1,4 millionar tonn med kolmule, hovudsakleg 1–4 år gammal fisk (Figur 2.1.6.1).

Figur 2.1.4.1Kva effekt vil dette kunna ha for resten av økosystemet? Det er rimeleg å søkja svaret to stader; i kva kolmula et medan ho er i dette området, og i kven som et kolmula medan ho er der. Det er samla inn eit materiale med kolmulemagar, men førebels har det ikkje vore kapasitet til å opparbeida dette, så vi har enno liten kunnskap om kolmula sin diett i dette området. Når det gjeld kolmula som føde for andre rovdyr, kjenner vi best til torsken sin diett, som vi har overvaka gjennom 20 år (sjå Figur 2.1.4.1). I denne tidsserien kan vi heilt tydeleg sjå at kolmula byrjar gjera seg gjeldande mot slutten av perioden. Når vi får tilgang til mageinnhaldsdata for torsk for 2004, vil truleg dette biletet verta endå klårare. Vi kan konkludera med at torsken har fått eit “nytt” byttedyr tilgjengeleg. Sidan kolmula er ein heller feit og næringsrik fisk, kan kanskje dette ha positiv innverknad på torsken sin vekst, særleg i periodar når lodda er borte?

Figur 2.1.6.2Av andre effektar av temperaturauken kan nemnast at utbreiingsområda for fleire av artane har endra seg, eit døme kan vera den “varmekjære” arten sei. Eit av særtrekka hausten 2004 var den store utbreiinga av seiyngel i Barentshavet. Denne arten har berre sporadisk vore observert som yngel på dette toktet, som har gått kvart år sidan 1965. I 2004 vart det funne seiyngel i ei samanhengande utbreiing like aust til Novaja Semlja, og dei tettaste førekomstane var faktisk aust for grensa mot Russland (Figur 2.1.6.2). Om dette var eit heilt særeige fenomen knytt til ein spesiell årsklasse, står att å sjå.

Av Harald Gjøsæter og Bjarte Bogstad. Trykket  Trykket i Havets ressuser og miljø 2005 (kap 2.1.6)