
Figur 2.1.4.1: Torsken sitt konsum (tusen tonn) av ulike byttedyr i perioden 1984–2004, berekna frå mageprøvedata. | Barentshavet er eit høgproduktivt område som er i stand til å fø store pelagiske fiskebestandar som kan fungera som mat for andre artar i næringsnettet, inkludert mennesket. Torsk, lodde og sild er nøkkel- artar i dette systemet. Torsk beiter på både lodde, sild og torsk, medan silda beiter på loddelarver.
Matsetelen til torsken er ein god indikator på tilstanden til økosystemet i Barentshavet. Figur 2.1.4.1 viser dietten til nordøst arktisk torsk i perioden 1984- 2004, rekna ut frå data for mageinnhald, fordøyingsrate og tal torsk i kvar aldersgruppe. Data for torsken sitt mageinnhald er henta frå ein felles norsk- russisk database. Modellen for torsken sin fordøyelsesrate byggjer på forsøk utført ved Noregs fiskerihøgskole i Tromsø, medan tal torsk per aldersgruppe er henta frå ICES sine nyaste bestandsutrekningar. Konsumutrekningane viser at torsken sitt totalkonsum i 2003–2004 var om lag 4,5 millionar tonn. Lodda var også i 2004 det klart viktigaste byttedyret for torsk, følgd av amfipodar, polartorsk, krill, reke, kolmule, sild, hyse og torsk. Andelen av lodde i dietten til torsk har minka frå 2002 til 2004, men ikkje så mykje som nedgangen i loddebestanden skulle tilseie. Dette fenomenet, at torsken ser ut til helst å ville velje lodde som mat også i periodar med lite lodde, er likevel i tråd med kva ein har sett under tidlegare loddekollaps. Kannibalismen hos torsk er no på eit lågt nivå. Den individuelle veksten hos eitt og to år gammal torsk er under middels, medan den er rundt middels hos eldre torsk.

Figur 2.1.4.2: Fangst av botnfisk, pelagisk fisk og skaldyr i Barentshavet i perioden 1993–2003. | I tillegg til torsken er grønlandssel og vågekval dei viktigaste fi keetande artane i Barentshavet. Grønlandsselen sitt årlege konsum er utrekna til om lag 3,4 millionar tonn, av dette 2,1 millionar tonn fisk (for det meste polartorsk, lodde, sild og torsk). Det årlege konsumet til den nord- austatlantiske vågekvalbestanden som ein fi nn langs norskekysten, i Barentshavet og ved Spitsbergen, er utrekna til om lag 1,8 millionar tonn. Av dette er 1,2 millionar tonn fisk (for det meste sild, torsk, lodde og hyse). Det totale konsumet til sjøfuglbestandane i Barentshavet er utrekna til 1,4 millionar tonn, og ein stor del av dette er fisk. Tabell 2.1.4.1 oppsummerar biomassetal for artar og dyregrupper, saman med konsumtal for predatorane i Barentshavet. Figur 2.1.4.2 viser fangst av botnfisk, pelagisk fisk og skaldyr i Barentshavet dei siste ti åra. Tala for det pelagiske fisket i byrjinga av perioden er låge fordi det ikkje vart fi ska lodde i perioden 1994–1998.
Kollaps i loddebestanden
Kva ringverknader vil kollapsen i loddebestanden i 2003 (sjå Kapittel 2.2.3.1) kunne føre med seg i økosystemet i Barentshavet?
Kollapsane i loddebestanden på 1980- og 1990-talet hadde store konsekvensar for dei rovdyra som beiter på lodde, spesielt for torsk og grønlandssel. Særleg underkollapsen på 1980-talet observerte ein at torsk og grønlandssel fekk lågare lengdevekst og seinare kjønnsmodning, og dyra vart magrare. Torsken la om dietten og beita i stor grad på mindre næringsrik mat som krepsdyr (krill og amfi podar). Beitinga på småtorsk auka. Grønlandsselen la ut på næringsvandring sør- og vestover, og i 1987–1988 drukna minst 77.000 sel i garn langs norskekysten. Sjøfugl som lever av lodde hadde særs låg hekkesuksess, og dødsraten for vaksen sjøfugl auka også.
Under den andre kollapsen i 1993–1995 var effekten på vekst og kjønnsmodning hos torsk mykje svakare, sjølv om tor- skebestanden var større i denne perioden enn i 1986–1988. Torsken gjekk i større grad over på anna fi skebytte, inkludert småtorsk, men hadde òg tilsynelatande betre tilgang på lodde. I denne perioden var det heller ikkje nokon selinvasjon på norskekysten, og sjøfuglane greidde seg betre gjennom.
Det er grunn til å tru at vi vil obser vere dei same typane av effektar denne gongen, men det er vanskeleg å seie om ringverknadene av denne loddekollapsen vil likne mest på det ein såg på slutten av 1980-talet eller midt på 1990-talet.
Lodde er det viktigaste matemnet for torsk i Barentshavet. Det einaste matemnet som kan måle seg med lodda i næringsinnhald og mengde, er silda. Dersom silda er eit viktig matemne og kan erstatte lodda i dei periodane lodda var borte, kan dette forklare noko av skilnadene mellom den første og andre loddekollapsen. Under den første kollapsen forsvann nemleg silda ut av Barentshavet første året kollapsen var eit faktum, fordi all denne silda var av 1983-årsklassen. Under den andre kollapsen var fl eire sterke sildeårsklassar involverte, først og fremst 1991- og 1992-årsklassane, og det var difor sild i Barentshavet også i delar av perioden då lodda var borte.

Tabell 2.1.4.1: Biomassetal for arter og dyregrupper samt konsumtal for topp-predatorane i Barentshavet. | Sjølv om mengda sild i torskemagane auka under loddekollapsen, kan ein ikkje seie at silda heilt eller delvis erstatta lodda. Materialet dette byggjer på er om lag 200.000 torskemagar analyserte ved Havforskingsinstituttet og ved PINRO i Murmansk frå 1984 og til i dag. Russisk historisk materiale viser at prosentdelen torskemagar som inneheldt sild var mykje høgare i mange år på 1950- og 1960-talet enn under loddekollapsane på 1980- og 1990-talet. Grunnen til denne skilnaden er ukjend. Moglege forklaringar er at det var meir ungsild i Barentshavet på 1950- og 1960-talet, at ungsilda i større grad overlappa med torsk, eller at ein større del av torskebestanden på 1950- og 1960-talet var stor torsk som er betre i stand til å ete sild.
Denne gongen ser det ut som om det vil vere relativt store sildemengder i Barentshavet i ein lengre periode (2002– 2007?), sidan 2002-årsklassen av sild er svært sterk og 2004-årsklassen også ser ut til å vere det. Vi vil altså truleg få ein situasjon som liknar mest på den midt på 1990-talet. Perioden med mykje sild i Barentshavet vil likevel vare minst eitt år lenger denne gongen, og dette kan gjere at perioden med dårleg lodderekruttering vil bli lenger enn livssyklusen til lodde (4 år). Det kan tenkjast at dette vil gjere det vanskelegare for lodda å gjenoppbyggje loddebestanden. Rekrutteringa av dei fleste fiskeartene ser ut til å vere god, slik at det i tillegg til ungsild er mykje småfi sk av hyse, kolmule, torsk og andre arter i Barentshavet. Det er difor grunn til å tru at torsken og dei andre predatorane, med unnatak av loddespesialistar som til dømes lomvi, vil ha god tilgang på alternativt fi skebytte, på same måte som på midten av 1990-talet. Det er difor mest truleg at ringverknadene av denne loddekollapsen vil vere moderate og om lag slik som på midten av 1990-talet.
Eit anna interessant fenomen er at denne kollapsen i loddebestanden ikkje er så brå som tidlegare, fordi rekrutteringa ikkje har svikta så totalt denne gongen. Vi ser også at rekrutteringa av lodde målt som 0-gruppe har halde seg på eit nivå rundt middels eller høgare i 2002–2004, medan overlevinga frå 0- til 1-gruppelodde ser ut til å vere dårleg. Kor vidt dette skuldast at silda beiter på loddeyngel også etter målinga av 0-gruppe lodde i august– september, er uvisst. Det er framleis svært spanande å sjå korleis denne loddekollapsen vil utvikle seg vidare. Vert han kortvarig eller langvarig? Vert det like lite lodde som i dei to førre kollapsane? Korleis vil loddebestanden ta seg opp att, vert det i form av ei einaste, rekordstor årsklasse som i 1989, eller sakte, men sikkert år for år, som i perioden 1996–1999? Av dei to førre loddekollapsa har vi lært mykje om økosystemet i Barentshavet, men ikkje nok til å gi gode svar på desse spørsmåla.
Av Bjarte Bogstad. Trykket i Havets ressuser og miljø 2005 (kap 2.1.4). |