Ordet plankton kjem frå gresk og tyder ”det som svever”.
Plankton er ei fellesnemning for eit utal ulike organismar i ulike storleikar som lever i opne vatnmassar, både små dyr og eincella organismar med evne til fotosyntese. Dei har til felles at dei har lita eller inga symjeevne og difor let seg drive med straum og bølgjer. Plankton finst både i ferskvatn og i saltvatn. Dei minste planktona kan berre sjåast i mikroskop.
Det er to hovudgrupper av plankton: planteplankton og dyreplankton.
~ les om plankton
|