Loddebestanden i Barentshavet er framleis på eit svært lågt nivå. Storleiken var hausten 2004 på vel ein halv million tonn, det same som i 2003.
Fisket
Tabell 2.2.3.1.1 viser fangsten av lodde i Barentshavet fordelt på nasjonar for åra 1995 til 2004. Det vart ikkje fiska på lodda i Barentshavet i 1994–1998, men fisket vart opna vinteren 1999 då bestanden hadde teke seg opp att. Fisket vart på nytt forbode frå 2004, då bestanden braut saman på nytt.
Utrekningsmetodar
Totalbestanden av lodde vert målt akustisk kvar haust under det store økosystemtok- tet. Toktet, som varer sju–åtte veker og dekkjer heile Barentshavet og tilstøytande område, er eit samarbeid mellom Noreg og Russland, og fire forskingsfartøy tek del. Loddeundersøkingane gjev eit overslag over mengda av lodde som er eitt år og eldre. Eit loddelarvetokt i juni og 0-gruppeundersøkingane, som også utgjer ein del av økosystemtoktet, gjev tilleggsinformasjon om rekruttering.
Bestandsutrekningane for lodda i Barentshavet vert utarbeidde av “Northern Pelagic and Blue Whiting Fisheries Working Group” i ICES, eller rettare avei undergruppe som møtest etter haust- toktet og rapporterer direkte til ACFM. Frå og med 2005 vert lodda overført til arbeidsgruppa “Arctic Fisheries Working Group”. Lodda er ein av dei få bestandane der det ikkje vert brukt VPA-metodikk for å beskriva bestandssituasjonen og gje prognosar. Bestandsestimatet frå det årlege hausttoktet vert brukt direkte som mål for bestandsstorleiken, og prognosar og kvotetilrådingar vert rekna ut ved hjelp av modellane Bifrost og CapTool, der også modning, vekst og naturleg dødsrate inngår. Estimata for naturleg dødsrate tek omsyn til mellom anna mengda og storleikssamansetjinga av torsk i Barentshavet, og kor mykje av loddebestanden ein meiner at denne torsken kjem til å eta. I prognosane blir det teke omsyn til uvisse i dei ulike målingane og i føresetnadane som inngår.
Bestandsgrunnlaget
Dei akustiske målingane av loddebe- standen sin storleik sidan 1973 og gjen- nomsnittsvekter for kvar aldersgruppe er gjevne i Tabell 2.2.3.1.2. Figur 2.2.3.1.1 viser utviklinga i bestand og fangst frå 1973.
Loddebestanden sin biomasse vart monaleg redusert frå 2002 til 2003, og var i 2004 på omtrent same nivå som i 2003. Samanbrotet skuldast først og fremst at årsklassane 2000 og 2001 i 2003 berre var 0,2 og 0,1 gonger så talrike som tilsvarande aldersgrupper var i 2002. Dette kom både av at desse årsklassane var svakare i utgangspunktet, og at dei har hatt ein auka naturleg dødsrate. Den svake rekrutteringa og den høge dødsraten heldt fram i 2004. Gjennomsnittsvekta av den rekrutterande årsklassen var attende på eit normalt nivå etter å ha vore svært låg i 2003.
Yngeltokta i 2004 viste kraftig tilbake-gang i mengda av larver samanlikna med 2003, til same nivå som i 1996. Det er berre i kollapsperiodane at ein har registrert ein så låg larveproduksjon. 0-gruppe-undersøkingane i august 2004 stadfesta også ein svak 2004-årsklasse, men på dette stadiet var ikkje årsklassen så mykje svakare enn langtidsgjennomsnittet.
Ut frå desse og andre observasjonar kan det gjerast følgjande vurderingar og dragast følgjande konklusjonar:
Samanbrotet i bestanden skuldast tre faktorar; svake rekrutterande årsklassar (trass i stor larveproduksjon kvart år inntil i2004.2004), auka naturlege dødsratar og redusert individuell vekst (særleg på 1-åringane i 2003). Samanbrotet skuldast ikkje fisket. Grunna problemer med adgang til russisk økonomisk sone (sidan 1997) har vi hatt mangelfullt oversyn over mengda av ung-sild i Barentshavet. I perioden etter 2000 har det truleg vore til dels store mengder sild i dette området. Hausten 2003 og 2004 vart det målt store sildemengder (hovudsakleg 2002-årsklassen) i det sørlege og austlege Barentshavet. Det er difor grunn til å truat den dårlege overlevinga av loddelarver i denne perioden kan ha samanheng med dette. Den auka naturlege dødsraten på eldre lodde kan, i alle fall langt på veg, skuldast at ein veksande torskebestand beitar på ein sterkt minkande lodde- bestand. Gjennomsnittsvektene i 2004 er på eller litt over langtidsgjennomsnittet (Tabell 2.2.3.1.2).
Bestanden vil vera på eit svært lågt nivå dei næraste åra. Alle dei årsklassane som er i bestanden no er svake. Den sterke 2002- årsklassen av sild vil vera i Barentshavet enno i minst eitt år, og kan påverke rekrutteringstilhøva for lodde negativt.
Reguleringar
ICES gjev råd ut frå såkalla føre-var- kriterier, der referansepunktet Blim (ei absolutt nedre grense for gytebestanden) vert nytta. Hausten 2004 vart det utarbeidd framskrivingar av gytebestanden, der ein tek omsyn til uvissa i dei ulike faktorane som inngår i utrekningane, og der resultatet vert ei sannsynsfordeling, ikkje eit einskilt tal. Det viser seg at med den uvissa ACFM reknar med knyter seg til prognosen, vil det, sjølv utan eit fi ske vinteren 2005, vera svært stor risiko for at gytebestanden vert mindre enn 200.000tonn, som ACFM har valt å nytta som Blim.
Med bakgrunn i bestandssituasjonen og desse utrekningane, rådde ACFM hausten 2004 til at det ikkje burde opnast for eit loddefi ske i Barentshavet vinteren 2005. Den blanda norsk-russiske fi skerikom- misjon vedtok på sitt møte i oktober 2004 å forby fi ske på barentshavslodde vinteren 2005. Det vart opna for at Noreg og Russland kvar kan fi ska inntil 1000 tonn lodde i samband med forsking vinteren 2005. Tabell 2.2.3.1.3 viser at det dei siste åra har vore relativt godt samsvar mellom tilrådd TAC, avtalt TAC og fangst.
Av Harald Gjøsæter. Trykket i Havets ressuser og miljø 2005 (kap 2.2.3.1)
|