Økosystem Barentshavet

Barentshavet er eit sokkelhav som er 230 meter djupt i gjennomsnitt. Havet har mange bankar der djupna berre er 50 meter. Grensa mellom Norskehavet og Barentshavet reknar ein går langs eggakanten frå Troms, vest av Bjørnøya til Svalbard. Elles er det dei nordlege kystane av Noreg og Russland som  avgrensar havet mot sør, Novaja Semlja mot aust, og eggakanten mot Nordishavet nord av Frans Josefs land og Svalbard mot nord.

Havstrømmer i Barentshavet
Dei viktigaste trekka ved sirkulasjon og djupnehøve i Barentshavet.

Dei fleste fiskebestandane i Barentshavet er i god forfatning, sjølv om lodda framleis ligg på eit lågt nivå. Men det ulovlege fisket truar torskebestanden, som har hatt låg rekruttering dei siste åra. Uvanleg høge temperaturar lokkar sørlege arter som kolmule og havnål til området.
Åra sidan 2000 har vore den varmaste samanhengande perioden observert sidan 1900, og 2006 var eit år med fl eire varmerekordar. Straumen av vatn frå Norskehavet var både varmare og sterkare enn nokon gong før, og det har aldri vore observert mindre is i Barentshavet enn vinteren 2006!  Mengda av dyreplankton i Barentshavet har auka dei siste åra, men er på eit moderat nivå i høve til toppåret 1994. Auken kan delvis forklarast med auka innstrøyming av vatn frå Norskehavet, som er varmt, næringsrikt og rikt på dyreplankton. Men auken kan også skuldast at den viktigaste planktonbeitaren, lodda, har vore på eit lågt nivå dei siste åra. Sjølv om miljøgifter vert transportert til Barentshavet både gjennom lufta og gjennom havet, er dette området i det store og heile eit reint hav. Det er dyra på toppen i næringskjeda, som isbjørnen, som i størst grad får problem med miljøgifter, fordi dei samlar seg opp der. Med unnatak av gamle eksemplar av langliva arter, vert fisk i liten grad påverka.


Straumforhold

Havstraumane er sterkt påverka av det undersjøiske landskapet, og vassmassane er kopla til havstraumane. Vi skil gjerne mellom tre vassmassar; kystvatn, atlanterhavsvatn og arktisk vatn. Kystvatnet kjem inn i Barentshavet langs norskekysten og følgjer kysten vidare austover. Dette vatnet kjem opphavleg frå Nordsjøen, med tilførsel frå norske elvar, og er ferskare enn atlanterhavsvatnet. Frå sørvest kjem også det varme, salte, atlanterhavsvatnet, som dels følgjer kontinentalsokkelen vidare nordover langs Svalbard, men også kjem inn i sjølve Barentshavet. Kvart sekund strøymer det to millionar tonn atlanterhavsvatn inn i Barentshavet, dobbelt så mykje som det som samla renn ut av all verdas elvar! Både mengda vatn og temperaturen i vatnet som kjem frå Norskehavet, endra seg frå år til år, og dette har mykje å seia for kor varmt det er inne i Barentshavet. Frå nord og aust kjem det kaldt, mindre salt, vatn inn i Barentshavet. Der det varme vatnet frå sør og vest møter det kalde vatnet frå nord og aust, oppstår den såkalla polarfronten, der temperatur og saltinnhald endrar seg mykje over korte avstandar. Isdekket i Barentshavet varierer mykje både gjennom året og mellom år. Den sørvestlege delen er isfri også om vinteren, men i den austlege delen kan det i sjeldne tilfelle vera isdekt heilt sør til kysten.

Raudåte
Raudåta er ein nøkkelart i Barentshavet Foto: Pål Abrahamsen

Plankton

Mengda av planteplankton, som er små algar som har same funksjonen som dei grøne plantane har på land, er størst i ein kort periode om våren. Denne bløminga startar opp når det er nok lys til fotosyntesen og nok stabilitet i vassmassane til at algane kan vera i dei øvre, lyse vasslaga. Næringsstoff trengst også, men det er det rikeleg av i dei øvre vasslaga etter omrøringa av vatnet gjennom vinteren. Etter bløminga er vatnet tomt for næringsstoff, og utetter sommaren held algemengda seg på eit lågt nivå ved å nytta dei næringsstoffa som vert frigjorte når plantar og dyr døyr.

Neste trinn i næringsveven er dyre plankton, som lever av planteplanktonet.  Dyreplanktonet er samansett av mange dyregrupper, men krepsdyra hoppekreps, krill og marflo er viktigast. Produksjonen er dels styrt av at desse dyra veks og forplantar seg i Barentshavet, dels av at det kjem dyreplankton inn med havstraumane frå vest. Variasjonen i dyreplankton er stor frå år til år, og dette skuldast både variasjon i mengda som kjem inn med vatnet frå Norskehavet, variasjon i vekst og forplanting i Barentshavet på grunn av ulike vekstvilkår, og variasjon i beitinga frå neste nivået i næringsnettet; dei planktonetande organismane. Det er mange som lever av dyreplankton. Dei viktigaste for oss er pelagisk fisk som lodde, sild og polartorsk, og yngel av mange fiskeslag, men dei har konkurrentar i maneter, sjøfugl, sel og kval.

Pelagisk fisk

Fiskesamfunna i Barentshavet er prega av relativt få artar som kan vera svært talrike. Dei som lever av dyreplankton i vaksen alder, er først og fremst dei pelagiske fiskane (dvs. fisk som lever i dei frie vassmassane). Dei viktigaste er lodde, polartorsk, sild og kolmule – dei to første høyrer heime i Barentshavet, dei to andre er gjester. Polartorsken er ein mellomting mellom ein botnfisk og ein pelagisk fisk; men han lever for det meste av planktonføde. Silda kjem inn i Barentshavet med havstraumane som yngel og lever der i om lag tre år før ho returnerer til Norskehavet, der den vaksne bestanden held til. Kolmula nyttar også Barentshavet mest som eit oppvekstområde, men dette er døme på ein art som er blitt vanlegare i Barentshavet dei siste åra, ettersom temperaturen har auka. Lodda er ein viktig brikke i økosystemet, som omset store mengder planktonføde og sjølv er føde for mange artar, både fisk, sel, kval og sjøfugl.

Fra loddefiske
Lodda er ein liten laksefisk som lever heile sitt korte liv i Barentshavet

Botnfisk

Av botnfiskane er torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og to artar av uer dei viktigaste. Langs kysten i sør er også sei ein viktig art. Torsken et både fisk som lodde og botndyr som reker, medan hysa i større grad finn maten på botnen. Men også hysa kan, i deler av livet, stå pelagisk og leva av fisk og plankton. Det same gjeld uer
og blåkveite. Torsken er særleg avhengig av lodde for å veksa godt, og av det totale årlege konsumet på 2–6 millionar tonn utgjer lodda normalt om lag halvparten. I periodar når lodda er borte, må torsken prøva å kompensera med å eta større mengder annan mat.

Fugl og sjøpattedyr

Barentshavet har ein av dei største konsentrasjonane av sjøfugl i verda, om lag 20 millionar individ av nær 40 artar. Desse set til livs om lag 1,2 millionar tonn mat årleg. Dei viktigaste artane høyrer til alke- og måsefuglane. Om lag 24 artar av sjøpattedyr opptrer regelmessig i Barentshavet. Av desse er sju selartar, 12 store kvalar og fem små kvalar. Nokre av desse, inkludert alle storkvalane, er berre på vitjing i Barentshavet i beiteperioden. Dei mest talrike store kvalane i Nordaust-Atlanteren er vågekval (over 100 000), finnkval (over 5 000), spermkval (over 4 000) og knølkval (over 1 000). Den mest talrike selen i Barentshavet er grønlandsselen, med om lag 2,2 millionar dyr. Sjøpattedyra er viktige i økosystemet. I Barentshavet kan dei eta halvannan gang så mykje som det vert fiska per år. 
 

les mer

Hentet fra Oversikt over økosystem Barentshavet, kapittel 1, Havets ressurser  og miljø 2007

Havforskningsinstituttets nettsider om økosystemet i Barentshavet